Ved Fakultetet for samfunns- og utdanningsvitskap, Institutt for lærarutdanning, er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i norsk grammatikkdidaktikk. Arbeidsstaden er ved instituttets norskseksjon, og oppstart blir etter avtale innanfor studieåret 2022/23. 

Stillinga som stipendiat er ei tre års fulltidsstilling med fullført doktorgradsutdanning fram til doktorgrad som mål. Ph.d.-stipendiaten går inn i forskingsgruppa GrammaKiKK (Grammatisk kompetanse i kognisjon og klasserom) og vil samarbeide tett med teamet der i arbeidet med eige prosjekt.

Arbeidsområde og beskriving av stillinga

Forskingsgruppa GrammaKiKK arbeider med å utforske og utvikle ein grammatikkfagleg fundert didaktikk i skule og lærarutdanning. Målet med arbeidet er ei klarare samhandling mellom forskings-/studiefaget og skulefaget, og med det å legge til rette for ei vitskapleg fundert grammatikkundervising på alle nivå. Ei viktig innretning, men som er lite utforska til no, er å sjå grammatikk i samanheng med munnlegheit og språkleg mangfald. I dette arbeidet trengst kartleggingar av undervising i ulike sentrale grammatiske emne i alle skuleslag, frå begynnaropplæring til studiespesialisering, men òg i universitets- og høgskulesektoren. Vi ønsker særleg kandidatar som arbeider grammatikktematisk i skjeringspunktet mellom syntaks, morfologi og semantikk, og prosjekt innanfor desse fagfelta vil bli prioriterte. Ph.d.-stipendiaten er tenkt inn i eit utval av undervisingsstudiane som forskingsgruppa GrammaKiKK satsar på, men vil få høve til å utvikle sitt eige prosjekt både teoretisk, empirisk og metodologisk. I punktlista under følger ulike satsingsområde hos GrammaKiKK som søkaren blir beden om å relatere seg til (eit utval av) i prosjektskildringa si. Dei ulike studiane inngår i ei større oppgåve om ei kunnskapsbasert kanonisering av skulegrammatikken, som er eit langsiktig mål for forskingsgruppa. Stipendiaten vel sjølv sitt satsingsområde innanfor det overordna prosjektet, inkludert kva del(ar) av skuleløpet hen vil prioritere.
   

  • Utvikling av undervising og perspektiv på grammatikk som eit munnleg fenomen, der ein tar utgangspunkt i elevars (fleirspråklege) kompetanse 
  • Utprøving av ulike undervisingspraksisar og -forløp i skulen (småskala intervensjonar)
  • Innhaldsanalysar av læringsressursar i universitets- og høgskulesektoren og i skulen
  • Djupneundersøkingar i praksisar hjå språkforskarar i universitets- og høgskulesektoren
  • Døme på grammatiske fenomen som treng å utprøvast og undersøkast: grammatisk språkblanding, leddstilling, V2, overordna syntaktiske kategoriar (verb-, nominal-, preposisjons- og adjektivfrasar) med tilhøyrande fenomen som valens, tempus, genus, samsvarsbøying og meir. 
     

Kvalifikasjonskrav

  • Du må ha ein fagleg relevant bakgrunn med mastergrad eller tilsvarande innanfor norskdidaktikk eller nor(di)sk språkvitskap. Ein mastergrad i lingvistikk eller anvend språkvitskap kan òg gå an dersom innretninga er norskfagleg relevant. Du må ha ein sterk fagleg bakgrunn frå det tidlegare studiet ditt, og ha ein gjennomsnittskarakter frå mastergradstudiet, eller tilsvarande utdanning, som er lik B eller betre jamført med NTNU sin karakterskala. Dersom du ikkje har bokstavkarakterar frå tidlegare studium, skal du ha eit like godt fagleg grunnlag. Dersom du har svakare karakterbakgrunn, vil du kunne bli vurdert dersom du kan dokumentere at du er særskilt eigna til ei ph.d.-utdanning. Her vil òg forsking utover mastergraden bli tillagd vekt.
  • Du må ha svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk eller eit skandinavisk språk.
  • Du må oppfylle krava til opptak på fakultetets doktorgradsprogram.
     

Vi viser til forskrift om ansettelsesvilkår for stillinger som postdoktor, stipendiat, vitenskapelig assistent og spesialistkandidat for generelle kriterium for stillinga og Forskrift for gradene philosophiae doctor (ph.d.) og philosophiae doctor (ph.d.) i kunstnerisk utviklingsarbeid ved Norges teknisk–naturvitenskapelig universitet (NTNU)  

Ønskte kvalifikasjonar

•    Du bør ha gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i engelsk.
•    Ein sterk grammatisk eller grammatikkdidaktisk bakgrunn blir tillagd stor vekt.   
•    Du bør ha formelle pedagogiske kvalifikasjonar, anten gjennom lærarutdanning, lektorutdanning eller praktisk-pedagogisk utdanning.
•    Det er ønskt at du har undervisingserfaring i skulen eller universitets- og høgskulesektoren, men det er ikkje påkravd. 
•    Det er ein fordel om du har tatt del i forskings- og utviklingsprosjekt tidlegare.

Personlege eigenskapar

Du må kunne arbeide sjølvstendig og initiativrikt, men òg kunne samarbeide i tett med kollegaer. Forskingsgruppa GrammaKiKK møtest jamt, og her er det forventa at kvar og ein tar aktivt del. Vi søker ein open og nysgjerrig medlem i denne gruppa som både bidrar med eigne perspektiv og lyttar til andre sine, og slik blir del av forskingsfellesskapen vår. Vi legg òg vekt på at du demonstrerer god struktur og gjennomføringsevne. 

Vi tilbyr

Lønn og vilkår

I stillinga som stipendiat kode 1017 vil du normalt bli lønt med brutto kr 491 200,- pr. år avhengig av kvalifikasjonar og ansiennitet. Frå løna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens Pensjonskasse.
Tilsettingsperioden er 3 år (utan pliktarbeid). 
For tilsetting i stipendiatstilling er det ein føresetnad at du får opptak til ph.d.-programmet i utdanningsvitskap  innan tre månader etter oppstart, og at du deltar i eit organisert doktorgradsstudium innanfor tilsettingsperioden.
Tilsettinga blir gjennomført etter prinsippa i statsansatteloven, og lovverk som regulerer eksport av kunnskap, teknologi og tenester. Etter tilsettinga vil det kunne kome endringar i arbeidsområdet.
Det er ein føresetnad at du kan vere til stades ved og tilgjengeleg for institusjonen på dagleg basis.

Om søknaden

Publikasjonar og andre vitskapelege arbeid som du ønsker det skal takast omsyn til i vurderinga, må følge søknaden. Vi gjer merksame på at søknader berre blir vurderte ut frå informasjonen som ligg føre ved utløpet av søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden din tydeleg viser korleis ferdigheitene og erfaringane dine oppfyller kriteria som er skildra ovanfor. 
Søknaden må innehalde:

  • CV, attestar
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du ikkje har fullført mastergraden, må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • ein kopi av masteroppgåva. Viss du nyleg har levert masteroppgåva, kan du legge ved manuset. Dokumentasjon av fullført mastergrad må framvisast før du tiltrer stillinga.
  • prosjektskisse med framdriftsplan (om lag fem sider) 
  • publikasjonar eller anna relevant forskings- eller utviklingsarbeid, dersom du har det. 
  • namn og adresse til tre relevante referansar

Dersom heile eller delar av utdanninga di er tatt i utlandet, ber vi deg i tillegg legge ved dokumentasjon på omfang og kvalitet for heile utdanningsløpet ditt, både bachelor- og masterutdanning, i tillegg til anna høgare utdanning. Ei skildring av kva dokumentasjon som er nødvendig, finn du her. Dersom du allereie har ei fråsegn frå NOKUT, er det fint om du legg ved den òg.
Det vil bli tatt omsyn til fellesarbeid. Dersom det i fellesarbeid er vanskeleg å identifisere din innsats, må du legge ved ei kort utgreiing for medverknaden din.
Ved vurdering av den best kvalifiserte legg vi vekt på utdanning, publikasjonar og personlege og mellommenneskelege egenskapar. Motivasjon for stillinga, ambisjonar og potensial for forsking vil òg telje med i vurderinga av kandidatane.

NTNU forplikter seg til å følge evalueringskriterier for forskningskvalitet i henhold til The San Francisco Declaration on Research Assessment – DORA.

Generell informasjon

NTNU sin personalpolitikk legg vekt på likestilling og mangfald. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. NTNU ønsker å auke kvinneandelen i sine vitskapelege stillingar, og har ei rekke verkemiddel for å fremje likestilling.
Som tilsett ved NTNU må du til ei kvar tid rette deg etter endringar som utviklinga i faget medfører, og dei organisatoriske endringane som blir vedtatt.  
I tråd med Offentleglova kan namn, alder, stillingstittel og bustadkommune bli offentleggjort sjølv om du har bede om å ikkje bli oppført på søkarlista.
Viss du har spørsmål om stillinga, kan du ta kontakt med Mari Nygård, tlf. 91858432, e-post mari.nygard@ntnu.no eller Leiv Inge Aa, tlf. 95870465, e-post leiv.inge.aa@ntnu.no   
Viss du har spørsmål om tilsettingsprosessen, kan du ta kontakt med Brith-Eli Åsland, e-post: brith.e.asland@ntnu.no

Søknaden og alle vedlegg skal sendast elektronisk via Jobbnorge.no. Dersom du blir invitert til intervju, må du ta med stadfesta kopiar av attestar og vitnemål. Merk søknaden din med referansenummer: SU-745.»

Søknadsfrist: 01.09.2022

NTNU – kunnskap for en bedre verden

NTNU – kunnskap for en bedre verden
Ved NTNU, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, skapes kunnskap for en bedre verden og løsninger som kan forandre hverdagen.

Institutt for lærerutdanning
Vi har et fullverdig utdanningstilbud for grunnskole og videregående opplæring.

Et faglig sterkt og inkluderende kollegium retter forskning og kunstnerisk virksomhet mot læring, utdanning og skoleutvikling. Institutt for lærerutdanning er ett av instituttene ved Fakultet for samfunns- og utdanningsvitenskap.

Søk stillingen

Leave a Reply